Kvinneforeiningane – pusterom i kvardagen

Jendem kvinneforening ca 1932
Damene var engasjerte i ulike kvinneforeningar. Dei første kvinneforeiningane vart stifta på midten av 1800-talet og var i hovudsak misjonsforeningar som samla inn penger til misjonsarbeid. Dette var eit pusterom i daglege kvardagsplikter. Her laga dei handarbeid som vart lodda ut og pengane sendte dei til misjonen. Det var mange ulike foreningar og mange var engasjert i fleire. Det var både helselag, sanitetsforeningar, bondekvinnelag, seinare bygdekvinnelag og husmorlag. Samstundes var dette ein viktig møteplass for prat og sosialt samvær. Litt sladder og nyheter vart sjølvsagt utveksla rundt bordet med kaffi, potetkake og andre godsaker.
