Hopp til innholdet
BokstovaHandlekurv

Kva er ei grepa kjerring?

Ei dame eller kvinne som ordna opp, og som det var tak i. Ordet kjerring  betyr kvinne, eller kone i sin alminnelegheit, men kan og tyde og ei eldre kvinne.

Kvinnene har gjennom alle tider vore den som ordna med alt i heim og fjøs. Dei tok seg av borna, foreldre, svigerforeldre, og kanskje søsken og andre slektningar. I tillegg hadde dei tenestefolk i arbeid som var deira ansvar. Ein lang arbeidsdag som starta i 5-6 tida om morgonen. Då var det opp å fyre i omnen, hente inn vatn, ta seg ein åbit, ut for å stelle og mate dyr, mjølke kyr, bere inn vatn til dyra. Så var det inn igjen i huset og ordne med førdugurd eller frukost. Ordet måltid kjem frå det norrøne mál og har samanheng med at maten vart ete til faste tilmålte tider. Gjennom dagen var det fleire måltid som middag (varm mat) i 12 tida, nonsmat i 4-5 tida og kveldsmat om kvelden i 8-tida.
Klede skulle vaskast, tørkast, leggast saman og strykast. Kleda måtte ofte reparerast, syast om, eller nye klede måtte syast om dei var utslitt. På vinterstid var det karding, spinning og veving. Og det var slakting og behandling av kjøtmat, flatbrødbaking og anna bakst.

Anna vasker til helga

Anna vasker til helga

Fra boka